Ukas bilde/Photo of the week 25/2012

Download this image

More from this collection

Related by When

Research Help!

Where: Rogaland Fylke, Suldal Kommune, Norge

Try to find the spot where the photographer was standing.

When: Unknown

Try to find the date or year when this image was made.
Åshild Haugsland jobber i Seksjon for brukertjenester, og viser frem et bilde fra sommeren 1928.

"Eg har valt meg eit fotografi frå Stranddalen i Suldalsheiane – eit nydeleg høgfjellsområde som med god grunn ber tilnamnet «Perlen i Ryfylke». Her har Stavanger Turistforening drive turisthytte i mange år, og der – på Stranddalshytta – debuterte eg som sommarhjelp for Den Norske Turistforening på midten av 80-talet. Seinare bar det til Haukeliseter, Glitterheim og Finsehytta for å skubba golv, bera breiddfulle matfat , selja gnagsårplaster og Kvikk Lunsj, blanda riskrem i 10-liters bollar, svara på tenkjelege og utenkjelege spørsmål frå turistane, vaska opp og vaska ned… Og i fristundene gjekk eg sjølv tur; det er nemleg ingen ting å seia på utsiktene i ein slik jobb. Fotografiet er frå arkivet etter Høyfjellskommisjonen. Det er teke somaren 1928 og merka: «31/7 Hestene går over elven ved Stranddalshytta.» I bakgrunnen kan ein sjå den karakteristiske Kjelkanuten (1138 moh.)."

Arkivreferanse: S-1546 Høyfjellskommisjonen, serie Ua – Fotoalbum nr. 7.

Info:

Owner: Riksarkivet (National Archives of Norway)
Source: Flickr Commons
Views: 2657


Add Tags